Kunnskap og Vurdering

"Kunnskap og Vurdering"
("Knowledge and Assessment")
i Kunnskap i Skolen, Sylvi Stenersen Hovdenak & Ola Erstad (red.). Trondheim: Tapir Akademisk Forlag, 2010.

Artikkelen tek for seg vurdering av læring i skulen. Dette er eit konfliktfylt tema. Prøvar, karakterar, eksamen, rangering og måling er kontroversielle tema som lett set sinn i kok. Til dels er det slik fordi feltet er politisk lada. Men det fins også filosofiske oppfatningar som ligg under slike debattar og spelar med. Dette kjem for eksempel til uttrykk i formuleringar om at læring ”ikkje kan målast” eller at danning ”ikkje kan bli vurdert”. Ein filosof som har prøvd å systematisere slike oppfatningar er Andrew Davis. Artikkelen diskuterer Davis sin filosofiske kritikk av det han kallar vurderingsregimet i skulen. Konklusjonen er at Davis ikkje har levert tungtvegande filosofiske argument mot summativ vurdering, og at ein eventuell kritikk av vurderingsregimet må basere seg på praktiske og empiriske argument. Indirekte søkjer artikkelen også å seie noko om høvet mellom filosofi og pedagogikk, teori og praksis.